Tissa på låven

Eg jobbar framleis med etterverknader etter maurinvasjonen i sakene mine, men byrjar å bli såpass hardcore nå at då eg for eit par dagar sidan oppdaga nokre maur i senga mi, kosta eg dei berre vekk. På fredag hadde me vårt første maaltid i ein indisk familie, som blei fortert med fingrane. Heile den indiske familien stod og studerte oss medan me åt, og ettersom me er ganske ferske i dette faget, var me ikkje heilt sikre på korleis det tok seg ut. Spesielt for Terje som er venstrehendt var det ei utfordring å få i seg maten
. Det er tydeleg at det er ein spesiell teknikk, også for å eta med fingrane, og me har nok litt å gå på der.
Då tida var komen for å få litt blund på augo, blei me tre jentene plasserte på golvet i stova saman med resten av søskenflokken. Teppene måtte me dela på, og det var ikkje rom for så mange vendingar den natta. Lise sov ikkje eit sekund, ho kjempa mot mauren på golvet og ei indisk veslesøster som var særdeles valdeleg i sovne. Eg sov som ein stein då eg berre sovna, men følte meg ganske som Åsne Seierstad då eg vakna klokka seks neste morgon, klar for Kambala, okseveddeløp

. Då me kom fram til arenaen for løpet heldt eg på å tissa i buksa
. Eg blei berre sendt inn i fjoset der oksane stod, med beskjed om at eg kunne gå på do der. Eg hadde ikkje det store valet… I går kveld kom me fram til Colva, der me mengar oss med svenske og engelske charterturistar. I morgon reiser me vidare til Baga, der me satsar på eit utagerande festliv.

Siri

Be First to Comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

301 Moved Permanently

Moved Permanently

The document has moved here.